Og slik blei Stamsund til!

Les historien om hvordan Stamsund ble til, og om hvordan kultur har påvirket Stamsund som tettsted. Artikkelen er skrevet av forfatteren Jahn-Arill Skogholt (født 30. desember 1943, død 19. april 2007).

Det er alltid eit problem kor ein skal ta fatt når ein skal fortelle historia om framvoksten av ein stad. Skal eg ta utgangspunkt i overgangen mellom eldre steinalder og yngre jernalder, og forsøke å fravriste dei arkeologiske funna ein fornuftig innfallsvinkel? Vi veit at her var folk alt den gongen. Men likevel er det kanskje meir fornuftig å ta utgangspunkt i året 1614, som er første gongen Stamsund blir nemnd i eit offentleg dokument, då som underbruk under hovudgarden Svarholt, som ligg eit par kilometer inn langs riksvegen. Eller kanskje kunne eg ha nøyd meg med å fortelle at under folketellinga i 1701 låg Stamsund heilt aude, eller at det i 1733 budde to familiar her? Eller at i 1875 var folketallet auka til fire familiar med 39 husstandersmedlemmer? Alt dette vil føre for langt å gå i detaljer på, så eg hoppar rett fram til Stamsund sin framvekst som eit av dei viktigaste fiskeværa i Lofoten.

 

Det starta på Æsholman

Og den historia, den starter på mange vis på nokre forblåste holmar, Æsholman: Nord for Vestvågøy, midt i Nordishavet. Dit kom vinteren i 1865 ein 22 år gammal husmannsgutt frå Namdalen. Alt han eigde var klede han gjekk og sto i og ei gammal sjybomma (reisekista). Ordet går at han verken bukseseler eller beltereim, men ein taustump surra rundt livet for å halde buksa oppe.Ei kvardagshistorie, ei vanleg historie frå den tids Nordnoreg. Slutten på første kapittel av historia var heldigvis ikkje fullt så vanleg. Då sesongen var omme og skårungen Carl Magnus Johansens hadde fått si leikarshyre på rundt 20 spesidalar – tilsvarande 80-90 kroner – stakk han pengane oppunder taksperra og gikk ut. Då han kom tilbake, vart pengane borte, og han sto like snipp og snau som då han kom. Ja, meir så. For vi må tru at dei få klesplagga han åtte var meir tynnslitte ved slutten av sesongen enn då den tok til.
 
 
Nå, den unge Carl var ein dugande skoflokkar, så han arbeidde seg nedover bygda som skomaker til han kom til Stamsund. Der fekk han seg jobb som dreng på garden Myklevik, den største i bygda. To år seinare var han gift med Ida Marie, dottera på garden. Askeladden hadde fått si prinsesse, men det halve kongeriket måtte han og prinsessa skape i lag. Den unge Carl Magnus ville bli handelsmann. Varsomt, varsomt, gjennom lange dagar og korte netter, og delvis i strid med den dåverande væreigar i Stamsund, Nils Schøning, som nok såg sin posisjon truga, bygde dei to si handelsverksamd opp frå grunnen av. Ho spann og vov, vadmel og lerret, sydde trøyer og andre ytterplagg og strikka sjøvotter med to tomlar. Alt dette skulle ligge klart til sesongen starta. Han handla snøre og slo forsyn og hadde elles sin daglege dont i krambua, i fjøs og på brygge. Det blir fortalt at butikken jamnast opna klokka åtte om morgonen og at det ikkje sjeldan vart midnatt før dei kunne stenge.

Samfunnsforholda

 
Men la oss no løfte blikket litt og sjå på tida i eit noko breiare perspektiv. I 1866, året etter at Carl Magnus Johansen hadde sitt fyrste ublide møte med Lofoten, blei den siste formelle biten av Nordnoreg sin kolonistatus avvikla. Det året kom ei lov som ein gong for alle avslutta dei handelspriviligia som byborgarane i Bergen og Trondheim – og nokre få kondisjonerte i nordnorge i kompaniskap med bergenske og trondheimske byborgarar – hadde hatt. Frå då av kunne alle som oppfylte visse personlege vilkår få utstedt handelsbrev. Det var denne nye loven Carl Magnus Johansen gjorde seg nytte av, mot eit utlegg på 12 spesidaler og 24 skilling for handelsbrevet sitt.
 
Ei anna viktig lov, som kom ni år tidlegare var Lofotloven av 1857. Statsråd Ketil Motzfeldt fra Indredepartementet hadde – fra 1852 av – studert ordninga av Lofotfisket. Han fann ut at gjennom tidene hadde det utvikla seg eit slags økonomisk liveigenskap, der fiskarane var fullstendig avhengig av væreigarane. Kvar væreigar disponerte ein bestemt del av havet utenfor været. Dette havet var forbeholdt dei fiskarane som frå år til år var stasjonerte i været. Eit utval av ombudsmenn – "dei gamle på skjæret", som dei vart kalla – avgjorde kvar morgon diktatorisk om det skulle vere utror eller ikkje. Og bak "dei gamle på skjæret" må vi kunne tillate oss å tru at væreigaren sat og trakk i trådane.Under mottoet, "fritt hav, fritt fiske, offentleg oppsyn", nedkjempa Motzfeldt den gamle ordninga. Og dermed var fiskarane løyste frå sine stavnsband til den enkelte væreigaren, og kunne følge etter fisken der den for. Men det var også andre ting som skjedde, og som gjorde det mogleg for nokre innvånarar av Nordnoreg å gjere seg nytte av desse formelle rettane. Og dette andre, var det naturen som sørga for. Hausten 1861 merka ein for første gong på mange herrens år teikn til storsild utanfor Lofoten og Vesterålen. Året etter var det meir, og i perioden 1863 til 1874 var det nærmast berre å ause silda på land.
 
Når så dette blei kombinert med ein periode med gode Lofotsesongar under den nye Lofotloven sitt regime, ja, så kunne faktisk det utrulege skje at sjøl den fattigaste kunne få ein skilling eller to til overs når svolten var halden frå døra. Amtmann Worsøe sa det slik i ei av sine innberetninger til Indredepartementet: "Nordland i 1870 er ikke lenger Nordland i 1865". Og handelsmann Ulrik Quale på Kvaløya på Sør-Helgeland sa det slik: "Det var storsilda som gjorde oss økonomisk uavhengig".
 

Gründaren i samfunnet

 
Det var i dette økonomiske klimaet Carl M. Johansen bygde opp sitt firma. Han gjorde det godt og blei en respektert mann: Direksjonsmedlem i Vesteraalens Dampskibs-selskab, direksjonsformann i Vestvaagøens Telefonkompani, som han var ein av stiftarane til – for øvrig eit av dei første telefonselskapa i Nordnoreg – medlem av direksjon og forstanderskap i Stamsund Sparebank, der han også var blant stiftarane.
 
Og skjebnen ville at husmannsguten frå Overhalla i Namdalen skulle ende sine dager som ein – etter lokale forhold – storbonde i Myklevik, etter at han hadde kjøpt opp tre tilstøytande bruksnummer der, blant andre farsgarden til sin hustru Ida Marie – på auksjon.
 
Men det firmaet som skulle komme til å kontrollere stamsundværingane sine liv totalt i om lag tretti år og deretter i avtakande grad i tretti år til, det heitte ikkje C.M. Johansen, men J.M. Johansen. For det var under Ida Marie og Carl Magnus si eldste son, Julius Narcencius Heiberg Johansen, at firmaet skulle komme til å etablere seg som den einaste, kontrollerande kraft i Stamsund.
 
Det er ikkje for ingen ting at J.M. eit par år før første verdenskrig var etablert på folkemunne som "tsaren i Stamsund". Det er vanskeleg å vite kva det var for ein tsar dei tenkte på, dei som først gav han tilnamnet. Kanskje var det tsar Ivan den grusomme, kanskje var det tsar Peter den store. J.M. sin samtidige, den veike tsar Nikolai 11 kan det neppe ha vore.Visst var han ein gründer, den gode J.M. Visst var hen ein framsynt og dugande forretningsmann og ein pioner. Og visst kunne han vere ein nådig og mild Grand Seigneur mot arbeidskarane sine – så lenge han fikk arbeidskrafta deira billig. J.M. Johansen bygde Stamsund, seiast det. Det kan då vere freistande med eit lite sitat frå diktet "En lesende arbeiders spørsmål" av Berthold Brecht: "Den unge Cæsar slo gallerne. Hadde han ikke engang med seg en kokk?"

Arbeidskamp

 
J.M. Johansen hadde både kokker og det som meire var. For å få fram noko av tidskoloritten tar eg med ei historie fortalt av ein tidlegare, no avdød, arbeidar hos J.M.J:
 
"Før organisasjonen fikk opprettet overenskomst var det jo ikke tale om kontant lønning, slik vi kjenner det i dag. Det var månedlege oppgjør, og i angjeldende måned handlet man på bok som det hette. Det vil si at vi fikk varene i butikken hos firmaet. Disse ble så skrevet opp i to bøker, nemlig firmaets bok og kundenes kontrabok. Den som hadde familie av litt størrelse, så praktisk talt ikke penger. Jeg kjenner godt til det, for jeg var en av dem."
 
Det var jo også en annen side ved dette, nemlig at når man ikke fikk utbetalt penger, så var man helt avskåret fra å kjøpe noe i det frie markedet, som jo naturlig nok kunne være noe billigere. De eneste som i så måte kunne gjøre små sidesprang, var fagarbeidere som steinhuggere og akkordborere, men selv en av disse oppdaget en gang følgende skreve i kontraboken: "Du tjener mer og mer, men handler mindre og mindre. Hva er årsaken?" Hvorvidt spørsmålet ble besvart, kjenner jeg ikke til. Folka arbeidet hos Johansen, dei måtte handle hos Johansen og dei bodde i Johansen sine hus. Dei var i lomma til Johansen."
 
Så kan ein lure på: Kofer tok ikkje arbeidarane lagnaden i sine eigne hender, starta fagforeining og gikk til kamp? I løpet av 1920-talet blei det gjort to forsøk. Den første foreininga vart i fjorten dagar, den andre ein ettermiddag. Tsaren skal ha sagt: "Det blir ingen fagforening i Stamsund i min levetid." Lenge såg det ut til at han skulle få rett i det. For det er vel mykje sanning i det ein seinare fagforeiningsleiar fortell: "Det ble nok i stillhet snakket litt om å gjøre et forsøk med organisering, og her forekom enkelte sporadiske forsøk på arbeidsnekt, men det førte selvsagt ikke til noe. Bedriften kunne nok vente til arbeiderna var sultne nok og kom igjen."
 
Den gode J.M. Johansen gjorde ein feil. Han fann ut at det var noko som mangla i Stamsund, og det som mangla det var ein avis. Han kom under vær med at eit trykkeri i Mosjøen var gått til opphør. Tsaren kontakta den unge trykkar, Jarli Holst-Try, og fekk han etablert i det johansenske hus som trykkar, utgjevar og redaktør for avisa "Lofoten", sommaren 1930.
 
Det blei eit svært kort og særdeles ukjærleg forhold. Etter to månader sto Jarle Holst-Try på gata med sitt trykkeri og relativt store summar til gode hos firmaet. Summar som visstnok aldri vart betalt. Jarle Holst-Try fortell sjøl: "Så usikkert alt ble for meg, var jeg nødt til å berge det som berges kunne. Jeg fikk kjøpt en fjelltomt og bygget simpelthen en halvannen etasjers trekasse og vinters dag flyttet jeg inn i trykkeriet og bragte det hele såpass i stand at jeg allerede utpå våren kunne starte min egen avis "Lofoten Folkeblad" som straks ble godkjent av Arbeidernes pressekontor og fikk full tilslutning av befolkningen. Denne avisa hadde så stor virkning på arbeiderne at jeg allerede utpå våren 1933 kontaktet fagorganisasjonen med henblikk på å få "nesseveldet" både i Lofoten og lenger nord under kontroll av fagbevegelsen."
 

Så kom fagrørsla

 
Søndag 27. august 1933 møttest ein utvalt liten gjeng i ei lita rorbu for å planlegge stiftningsmøtet av den tredje fagforeininga i Stamsund. Problemet var berre at ingen av dei tilsette hos J.M. Johansen turde ta på seg å vere formann for foreininga. Det blei til slutt at utsendingane frå transportarbeiderforeningane i Svolvær og Bodø måtte pålegge Jarle Holst-Try å ta på seg vervet som formann. Fagforeininga vaks raskt og det vart ei stormfull tid. Tsaren nekta å forhandle med Holst-Try, og Holst-Try var neppe nokon smidig forhandlar han heller. Her sto to sterke viljar steilt mot kvarandre. Den første konflikten endte med ein valdagsdom som førte med seg eit ras av forhandlingar og avtalar med dei andre arbeidsgjevarane i Stamsund. Stamsund Transportarbeiderforening var etablert, og skulle i tretti år komme til å vere den einaste fagforeininga i Stamsund, ei fagforeining som organiserte alle yrkeskategoriar.
 
 
Så hadde arbeidarane fått sine tariffavtalar, men bedriftskulturen, ledelsesmetodene, dei var det vanskelegare å gjere noke med. Så lenge gammel-tsaren levde og leia, hendte det ikkje så sjeldan at han gjekk til fysisk åtak på arbeidarar som han ikkje syntes gjorde jobben godt nok. Det skal visstnok ha hendt berre ein gong at ein svær branne av ein arbeidar mota seg opp og tok igjen med sjefen. Psykologien, arven frå fortida sit djupt i oss alle.Og leiingsprinsippa gjekk i arv gjennom generasjonane. Då eg kom til Stamsund for tjue år sidan, var det ikkje uvanleg å høyre at soneson til tsaren, han Arne W., som då var direktør, hadde kjefta opp i full offentlegheit arbeidarar som han hadde treft på vegen med ein samvirkelagpose i handa. Det skulle vere unødvendig å føye til at dei stakkars arbeidarane – utan unntak – ikkje våga å ytre eit ord til motmære.
 
Andre dagar kunne ein oppleve at folk storøyde fortalte at han Arne W. hadde stoppa på vegen og helsa på enka etter ein gammal arbeider. Ja, han spurte til og med korleis det sto til med henne. Tenk det gjorde han Arne W. "Han e nu rett en folkelig mann, han Arne W." sa folk då. Som farfaren gjekk han sine to daglege inspeksjonsturar rundt på bedriften. Det vart aldri sagt at han gjekk til fysisk åtak på nokon, men han var visst raus med grov kjeft om det var noko som ikkje fall i smak.
 
Hans Nybakk er i dag formann i fiskarlaget i Stamsund, og har vore fiskar på eigen båt i mange år i Stamsund, og han har opplevd den siste storheitstida til "gamle" J.M. Johansen AS.Han seier det slik:
 
 
"Johansen eigde buene, og vi fekk leige dei for ein symbolsk sum, og Johansen hadde alt av service på land, så vi var heilt avhengige av firmaet på alle vis. Det var slik at dersom vi ikkje godtok fiskeprisane og vilkåra, måtte vi ut av buene. Men det var sjølsagt vanskeleg å flytte midt i ein sesong, med stort bruk av utstyr, og då hadde vi ikkje noko val. Det var andre som også tok imot fisk i Stamsund, men kvart bruk hadde sine faste båtar, og det var ikkje mogleg å skifte over dersom du hadde begynt hos Johansen. Eg veit folk som spurte om å få levere hos andre fiskekjøparar i Stamsund, men det var ikkje mogleg fordi då ville dei få problem med Johansen-firmaet, og der skulle dei jo i sin tur levere sin tørr- og saltfisk fordi det var J.M. Johansen AS som hadde eksportlisensen".
 
 
Ein av arbeidarane på land fortell dette om miljøet blant arbeidarane: "Han kom på faste inspeksjonsrunar på fileten, og då var alle raske til å kome seg i arbeid, men straks han forsvann kunne det bli mykje slendrian. Han kunne vere forferdelig krass og grov viss han såg noko han ikkje likte, og det nytta ikkje å argumentere. Nei, ein måtte innordne seg og godta systemet om ein ville vere her. Han kunne be folk gå på timen. Ja, ein vart oppsagt to gonger same dagen. Då hadde han Johansen angra seg etter første gongen, men det heldt ikkje lenge. Men så kunne han også vere ein god far som brydde seg om du hadde problem. Og når han hadde sagt noko, stolte vi på han. Han var ein mangfaldig sjef".
 

Det store fallet

 
Men også Johansen-imperiet viste seg å vere underlagt historia sin lov om imperiets vekst og fall. Og det skulle berre to kraftige feilinversteringar til: ei i lakseoppdrett på helgeland og ei i fiskeforedling i Nord-Amerika. Rykta tok til å gå, men ingen tok dei alvorlege. Rykta vaks. Folk tok til å sjå urolege på kvarandre og kviskra "Det er visst problem i firmaet".
 
Dette kom på toppen av ein periode med krise i fiskeria. Fiskekvotane var sterkt reduserte, og mange i Lofoten var redde for framtida, for at kystflåten skulle bli borte. Fiskarane måtte omstille seg for å overleve, og det samtidig som det gjekk dårleg for J.M. Johansen AS. Og ein dag kom det utrulege, ubegripelege nyhendet: Firmaet var konkurs, sa folk. Men riktig så ille var det ikkje. Det vart akkordforhandlingar og refinansiering, og etter ei tid sto firmaet som ein fugl Fønix opp av oska. Men i mellomtida låg Stamsund som lamma. Det blei mørkt i det eine huset etter det andre. Det såg ut som om Stamsund kunne gå mot ein lagnad som har ramma mange fiskevær langs kysten; ei framtid der skrømta rår.
 

Kulturen kjem

 
I denne mørke tida var det at Vesvågøy kommune markerte seg med mot og kraft, og satsa på kultur i Stamsund. Først kom barnekunstskolen, som ein av dei seks forsøksskolane i landet, med drivkrefter som ekteparet Thoe, Vebjørg og Scott. Frå dette miljøet vart seinare Landsorganisasjonen for barnekunstskolar skipa under Vebjørg si myndige leiing. Lofoten Teater starta som eit AMO-kurs under leiing av teaterinstruktør Torbjørn Gabrielsen. Kurset hadde sosiale og pedagogiske målsettingar og tok først og fremst sikte på ungdomar i faresonen, men endte altså opp som ei fast, fri teater- gruppe, ei gruppe som har formeira seg ved celle-deling og gjeve opphavet til både Lofoten Teater og Teater NOR. Neste skot på stammen vart Nordland Dukketeater- verksted, ein fylkeskommunal institusjon som Vestvågøy kapra etter at fylkeshovud- staden Bodø ikkje såg seg råd til å ta imot den. Etter dette har fleire lokale spirer dukka opp. Orkana Forlag AS er no eit veletablert forlag som gjev ut både kystrelatert faglitteratur og kjønnlitteratur. Stiftinga Gamle Stamsund og støtteforeininga Gamle Stamsunds vener tar på seg oppgåva å dokumentere Stamsund si historie, både når det gjeld fast eigedom og dokumentarisk materiale på papir. At andre lag og foreiningar gror villig må mange eldsjeler takkast for, no når optimismen igjen har slått seg ned i Stamsund.
 
Og bak det heile vakar ein manns kulturinstitusjon: Biletkunstnaren Scott Thoe. Vi kjenner han som fantasten som ville bygge ei bru av utrangerte tanks. Vi kjenner han frå dei siste vekers avisoppslag som mannen som fekk arrangert globaliseringskonferansen på høvdingsetet Lofotr med mellom andre storleikar som Mikhail Gorbatsjov, Anker Jørgensen og Kåre Willoch, ein idè dei fleste av oss meir jordnære berre rista på hovudet av. Meir i det stille har fleire andre kunstnarar slått seg ned i Stamsund, og er med på å gje lokalsamfunnet eit yrande kunst- og kulturliv.
 

Fisken er hovednæringa

 
Men det er fisken som er, og truleg alltid kjem til å vere, hovedgrunnlaget for all aktivitet i Stamsund. Og når samlivet mellom den opprinnelige fiskerelaterte befolkningen og dei nye kulturarbeidarane ikkje alltid har vore like nært og kjært, kjem det truleg hovudsakleg av at folk frykta at fiskerinæringa skulle byggast ned og erstattast med ei kultur-arbeiderghetto.
 
Symptomatisk i så måte er eit leserinnlegg i avisa like etter at Dokketeaterverkstaden (Figurteateret i Nordland) var etablert: "Dokketeaterverkstedet er en hån mot Stamsunds stolte fiskeritradisjoner. Ja, hva gir de oss i stedet for fiskeriarbeidsplasser? Lørvdokker!
 
"Men no blømer atter Stamsund i duett mellom fiskeri og kultur. Og det er fiskeria som er storebror, slik det skal vere.
 
Fant du det du lette etter?

Redaktør: Thor-Wiggo Skille | Webansvarlig: Håvard Vognild  | CMS/Webdesign: ACOS